Tlf: 99 02 94 57    Epost: post@eldbjorggrytten.no
Tap To Call

Husrens   arrow

Husrens er ei hjelp til forvilla sjeler som ikkje har komme seg over dit dei skal. Dei får hjelp til å gi slepp på det jordiske og blir guida inn Lyset.

Dette kan vere personar som døyr raskt i forbindelse med for eksempel ulykker, drap eller andre tragiske hendingar, og vil av og til ikkje vere klar over å ikkje ha fysisk kroppiStock_000017555367_Medium lenger. En del sjeler held fast på mellomtilstanden, og «på ein måte» ynskjer å opphalde seg i den fysiske verden framleis. Spesielt gjeld det personar som var veldig opptatt av det materielle, til spesielle stader eller menneske. Det kan også vere sjeler som ikkje vågar å gå vidare fordi dei er redde for å «lande» på feil plass på grunn av ei formeining om å ha gjort noko galt.

Saman med mine guidar, hjelparar og englar brukar eg ulike teknikkar, men har heile tida fokus på kjærligheit og lys. Når dei finn tilbake til dette, blir det fred.

Mi erfaring er at det ofte vil vere viktig å informere den forvilla sjela om at sjølv om den er der i den beste hensikt og gjerne har omsorg for gjenlevande, vil det vere vanskeleg å opphalde seg i denne mellomtilstanden utan å hente energi. Denne energien vert dessverre henta frå aktuelle gjenlevande som vert uforklarleg trøtte, energifattige og kan til tider få søvnproblem.

Om det er lang reiseavstand er det mulig å foreta ein «fjernrens», dvs. at eg får sendt eit bilde av staden, samt adresse med muligheit for å lokalisere/google  på kart.